PRIDE-SKEPSIS ER IKKJE HOMOHAT

Pride-skepsis er ikkje homohat

Pride-presset som har oppstått dei siste åra viser ein bevegelse med klare autoritære trekk, paradoksalt nok i frigjeringas namn. Det er problematisk at Snorre Valen bevisst overser dette, slik han gjer i kommentaren «Pride og makt» 27. juni.

Dette er saken: Norges skeive har terroren med seg hele livet

Valen siterer meg grundig i kommentaren, så mange av poenga mine kjem godt fram der. Valen les meg likevel som fanden les bibelen. Han overser det problematiske ved at det blir sett eit likskapsteikn mellom det å ikkje ville markere Pride og det å vera intolerant og hatefull.

Uthengt som homohatarar

Verken homobevegelsen eller samfunnet for øvrig tener på at fine folk blir uthengte som fanatiske homohatarar. Og når målet er å unngå vald og terror, er det jo verkeleg ikkje eit sjakktrekk å stadig framstille vener som fiendar.

SVARER: Jenny Klinge (Sp) svarer Snorre Valen. Foto: Senterpartiet/NTB

Det finst uendeleg mange andre måtar å vera tolerant og snill på enn å markere på ein bestemt måte. Ja, prideparadar og flagging er fleire stader godhjarta markeringar der mange ikkje har ei bevisst haldning til ideologien bak. Dei vil berre vera snille – og veldig gjerne vise at dei er snille.

Men det utviklar seg ei stadig sterkare moralsk fordømming av oss som er kritiske til ideologien bak og/eller ikkje kjenner oss heime i paradar og flaggritual.

Mykje anna enn Pride

Valen burde merke seg at mange homoar og lesbiske meiner Pride svekkar kampen for toleranse – ein kamp som verkeleg var i ferd med å lukkast på grunn av veldig mykje anna enn Pride.

Frank Rossavik har skrive ein god kommentar om dette i Aftenposten. Det å vera kritisk til ideologien bak Pride, er nemleg ikkje å vera homohatar. Det er ikkje å motarbeide mangfaldet. Det er ein del av meiningsmangfaldet og ytringsfridomen.

Skal vi ha ekte mangfald i dette samfunnet, må vi framleis vera opne for at folk kan uttrykkje seg på den måten dei vil, ikkje innføre paradetvang i autoritær stil. Om det ikkje er ladde våpen som blir retta mot privatpersonar og bedrifter som nektar å markere på «den einaste rette måten», er vifting med peikefingrar og trusselen om offentleg uthenging effektivt nok til at mange føyer seg.

Les også: Putins krig mot homofile har spredd seg til Midtøsten og Afrika

Fornekte fakta

Asle Toje er fast spaltist i E24 og skriv dette i «Elitens godhetsposering»: «Rob Henderson mener eliten har frikoblet sosial status fra varer og koblet den til holdninger. (…) Tanken er at elitestatus på 2000-tallet signaliseres gjennom godhetsposering.»

Det kan hende Snorre Valen tykkjer denne typen posering er samfunnsbyggande. Eg tykkjer tvert imot at det er eit problem viss det å fornekte fakta om kjønn og å gå i ein bestemt parade er avgjerande for å bli rekna som god nok.

For det er harde krav om ein skal vera god nok i det nye haldningsbaserte statushierarkiet. Ikkje kan ein halde fast på vitenskaplege fakta som at det finst berre to kjønn eller påstå at menn ikkje kan føde barn. Ikkje kan ein bruke humoristiske bilete i debatten, slik eg gjorde då eg skreiv kronikken Hane, høne eller «hene»?

Valen skildrar dette som latterleggjering, etter den nye og nedtrykkande norma for kva som er krenkande.

«Godkjent»

Eg ber om å få vera ein del av ytrings- og meiningsmangfaldet, om at humor og fakta skal få vera ein del av samfunnsdebatten, og om at vi som er vant med å vera høflege og greie i møte med allslags folk skal sleppe å bli pressa inn i bestemte typar for godheitsposering og markeringar for å få stempelet «godkjent».

Alle dei som ønskjer å leva frie liv med den legninga og den personlegheita dei har, får eit betre samfunn å utfalde seg i dersom ikkje Valen og andre prøver å gjera meg og mine meiningsfellar til noko langt verre enn vi er.

2024-07-01T09:59:10Z dg43tfdfdgfd