OUSDAL KJøPTE SEG INN I NYTT SELSKAP. SJEFEN BLEI DøMT TIL FENGSEL FOR GROV UTRUSKAP OG KVITVASKING

Ousdal kjøpte seg inn i nytt selskap. Sjefen blei dømt til fengsel for grov utruskap og kvitvasking

Det er 2013. Ein tidlegare straffedømt mann frå Florø startar ei bedrift i Oslo for å selje produkt han har utvikla.

Han skal bli straffedømt igjen.

Mannen eig 72,5 prosent av aksjane i bedrifta gjennom sitt eige morselskap. Same år blir han dagleg leiar i produktbedrifta.

Les også:

Les også: Etterlot seg avskjedsbrev: – Sa han ikke snakket sant

Per Asle Ousdal blir med på eigarsida som nest største aksjonær. Ousdal kjøper seg gradvis opp i produktbedrifta, og blir etter kvart største enkelteigar gjennom familiebedrifta Otica AS og får ei rolle i styret.

Ein av Ousdal sine advokatklientar er blant dei andre eigarane i produktbedrifta. Klienten har gått inn med millionar, og angrar på investeringa i dag.

På eigarsida i selskapet finn ein kreditorar i låneverksemda til Ousdal, men nesten alle Sandnesposten har snakka med, har ikkje kjend til låneverksemda hans. Dei uttrykker sjokk over det som har kome fram dei siste vekene.

Fem år i fengsel

I 2014 blei mannen frå Florø etterforska for kvitvasking etter ein konkurs. Mannen gjekk frå vervet som dagleg leiar i produktbedrifta i starten av 2015, men heldt fram som aksjonær.

Les også:

Les også: Levde et dobbeltliv i sus og dus

Han blei til slutt tiltalt. Over fleire år skal han ha tappa morselskapet, som i 2013 altså eigde 72,5 prosent av selskapet Ousdal var inne i, for over 17 millionar kroner.

Sør-Rogaland tingrett dømte han til fem år og seks månadar i fengsel for grov utruskap og grov kvitvasking. Han fekk også næringsforbod i fem år.

Dommen kom i 2022.

Arvid Sjødin er den domfelte mannen sin forsvarar.

Les også:

Les også: Advokatskandalen: – Aldri høyrt om liknande

– Stort spørsmålsteikn

Den domfelte sitt morselskap forsvann ut som deleigar i produktbedrifta rundt 2018. Då hadde bedrifta flytta til Sandnes.

Personen som var styreleiar for bedrifta då ho blei avvikla, kjende ikkje til låneverksemda til den døde advokaten. Han opplevde Ousdal som ein fagleg dyktig person med karakter og integritet.

– Eg er i den store flokken som står som eit stort spørsmålsteikn. At dette har skjedd over så mange år, utan at nokon har oppdaga det, er ufatteleg, seier styreleiaren.

Les også:

Les også: Kilder i advokatskandalen: Ble advart i fjor sommer

Han kan ikkje svare for relasjonen mellom Ousdal og den straffedømte. Det kjende han ikkje til, seier han. Styreleiaren kom først inn i 2017.

Aksjonærar fortel at Ousdal og dei andre prøvde det dei kunne for å få firmaet til å lukkast. Men det store gjennombrotet kom ikkje. Ousdal har sjølv gått inn med betydelege beløp gjennom åra.

Til slutt hadde dei eit framførbart underskott på i underkant av 20 millionar kroner. Selskapet blei avvikla i 2023.

– Det var ikkje liv laga. Styret anbefalte difor eigarane å likvidere selskapet, seier styreleiaren.

Legitimt selskap

Produktutviklingsselskapet er nemnd i dommen mot Florø-mannen. Han var altså dagleg leiar og største aksjonær i 2013 og 2014, og var nest største aksjonær fram til 2018.

Les også:

Les også: Økokrim skal etterforske mulige bedragerier på over 600 millioner kroner

Eit av styremedlemane som kom inn i 2014, som ein tidlegare styreleiar skildrar som representant for den domfelte mannen, ønsker ikkje å uttale seg overfor Sandnesposten.

Andre styremedlem fortel at dei vitna i rettssaka mot Florø-mannen, men har ikkje inntrykk av at produktutviklingsselskapet var blanda inn i straffesaka på noko vis.

Dei fortel at det var eit legitimt selskap.

Ikkje i fengsel

Fredag skriv Dagens Næringsliv også om saka. Dei har fått den straffedømte mannen i tale, som visstnok har unndratt seg soning.

Mannen seier til DN at han ikkje kjende til låneverksemda til Ousdal.

– Eg er jo ein produktutviklingar og oppfinnar. Det er det eg jobbar med, og Ousdal hjelpte meg på mange måtar. Han og eg snakka mykje privat, seier mannen til DN.

DN skriv også at Ousdal har vore i avhøyr under etterforskinga av den straffedømte mannen, der Ousdal nekta for å ha noko privat relasjon til mannen frå Florø.

Ousdal skal då ha skildra han som «impulsiv», og skal ikkje ha ønska å jobbe med han meir, skriv DN.

2024-06-28T10:11:30Z dg43tfdfdgfd