SELDE VAPE TIL MINDREåRIGE: DET KOSTA HAN DYRT

Selde vape til mindreårige: Det kosta han dyrt

(Firda): Mange ungdommar er nysgjerrige på å vape eller røyke e-sigarettar.

Dei siste åra har bruken av såkalla vape blitt meir populært, men ein må vere 18 for å kjøpe det lovleg. Ein ung mann i Sunnfjord hadde oppdaga dette «holet» i marknaden.

Vape er e-sigarettar som skal etterlikne følelsen og effekten av tobakksrøyking. Mannen, som er over 18, kjøpte vape og selde vidare til mindreårige i Førde-området. Det er ulovleg, og politiet fekk kjennskap til «butikk-verksemda».

Les også:

Les også: Jeg klarer ikke å blåse i det jeg så i køen

– Dette er noko vi har følgt med på ei stund, vi har etterforska personar som driv ulovleg sal av snus og tobakk til mindreårige, fortel etterforskingsleiar ved Førde politistasjon, Oda Thorstad.

I juni fekk mannen eit forenkla førelegg på 5000 kroner.

Politiet veit om at ulovleg sal går for seg, og understrekar at dei reagerer på sal og slår ned på dette.

– Å selje snus og tobakk til ungdommar under 18 er ulovleg, og kan få konsekvensar, understrekar etterforskingsleiaren.

2024-06-28T16:08:22Z dg43tfdfdgfd