ADVOKATSKANDALEN: – ALDRI HøYRT OM LIKNANDE

Advokatskandalen: – Aldri høyrt om liknande

Over 600 millionar kroner er vekke i det som omtalast som noregshistorias største advokatskandale. Privatpersonar og bedrifter risikerer å tape svimlande summar, og det er enno lenge til ein får eit komplett bilete av saka.

Les også:

Les også: Etterlot seg avskjedsbrev: – Sa han ikke snakket sant

Stjerneadvokat Arvid Sjødin har følgd saka i media.

– Det er snakk om eit enormt omfang av utlån. Eg som advokat skal ikkje dømme ein annan advokat, men det blir spennande å sjå kva som ligg bak dette. Eg har aldri høyrt om noko liknande, seier Sjødin.

– Dritpakke

Saka har, naturleg nok, blitt det store temaet i advokatmiljøet.

– Dei fleste av oss tenkjer på korleis dette har skjedd, og kva som har skjedd, seier Sjødin.

Les også:

Les også: Hadia Tajik om advokatskandalen: – Alvorlege forhold

Stian Trones Bråstein, som er advokat og sauebonde i Sandnes, har også lese det som er av informasjon i media. Han vil difor vere varsam med å meine noko om kva som har skjedd, men reagerer på omfanget og den lange varigheita.

– Eg tenkjer mykje på dei involverte og familien. Ikkje minst på dei flinke og skikkelege kollegaene våre i Advokatfirma Bull Årstad, som har fått ein dritpakke i fanget som dei verkeleg ikkje fortener, seier Stian Trones Bråstein.

Les også:

Les også: Advokatens kolleger kastes inn i et mareritt

Advokat Stian Trones Bråstein har blitt nasjonalt kjend etter rolla som forsvarar i Birgitte Tengs-saka. Foto: Arkiv

Konsekvensar?

– Trur de saka kan få konsekvensar for regelverket til advokatar?

– Det kan godt hende det kjem strengare reglar. Men det blir eit spørsmål for når ein veit meir. Det er overraskande at dette har gått så langt, når ein veit kor ekstremt komplekse og omfattande reglane mot kvitvasking er, seier Sjødin.

Les også:

Les også: Per Asle Ousdal (67) er den avdøde advokaten Økokrim nå vil etterforske

– Har du kjend på noko behov for innstramming til no?

– Nei. Ikkje i vår verksemd, seier Sjødin.

Bråstein syns også det er for tidleg å spekulere i kva utfall saka får. Det må ein først gjere når ein har alle fakta på bordet, meiner han.

– Tida for eventuelle evalueringar er først i etterkant. Men generelt har me advokatar mange og strenge reglar me driv etter. Me leverer årleg revisjonsmelding til Tilsynsrådet for advokatverksemd, og det er veldig, veldig streng kontroll med klientkontoar. Me har krystallklare reglar for kva me har lov til eller ikkje, seier Bråstein.

Han syns i utgangspunktet ikkje det er noko gale med verken regelverket eller tilsynsfunksjonane for advokatar.

– Flinke, ærlege og reielege folk

– Denne typen avsløringar rokker naturlegvis ved tilliten til advokatstanden, sa Dag Eriksen til Sandnesposten førre veke. Han er leiar for Tilsynsrådet for advokatverksemd.

Bråstein er klar på at ein ikkje kan ta tillit i samfunnet for gitt.

– Det er noko ein stadig får, ikkje noko ein har. Sjølvsagt er det ingenting positivt med at ein kollega som gjer straffbare handlingar, men eg er usikker på om det betyr veldig mykje for tilliten til advokatstanden generelt, seier Bråstein.

Bråstein har tidlegare vore leiar for Advokatforeininga i Sør-Rogaland. Ørjan Eskeland er noverande leiar, men hadde ikkje høve til å stille til intervju onsdag.

– Eg håper og trur at advokatar generelt har høg tillit, og at dei gjer seg fortent til høg tillit. Mitt inntrykk er at det nesten utelukkande er flinke, ærlege og reielege folk som jobbar som advokatar. Eg håper det er det gjengse inntrykket, seier Bråstein.

2024-06-27T07:06:54Z dg43tfdfdgfd