OVERRASKANDE NOK ER DET SENTERPARTIET SOM SVIKTAR BøNDENE

Overraskande nok er det Senterpartiet som sviktar bøndene

(Avisa Nordhordland): I meir enn tre år har bøndene bede om eit nytt talgrunnlag for å rekne ut bondens inntekt. Det har vore svært viktig for å kunne gjere ein reell samanlikning av bondens inntektsmoglegheiter med andre grupper.

Bøndene har lenge hatt eit inntektsgap samanlikna med andre yrker i samfunnet. Senterpartiet lova i valkampen 2021 at dette var noko dei skulle ordne opp i.

Det kjem difor som eit sjokk då det torsdag 11. april vart kjent at Arbeiderpartiet og Senterpartiet ikkje innfridde på nokon av punkta som Bondelaget og Bonde- og Småbrukarlaget hadde spelt inn.

No har Senterpartiet gått til Høgre for å få fleirtal på Stortinget, ei løysing sjølv ikkje Frp synest er god. De har gått på ein skikkeleg mageplask i landbruksforhandlingane, og eg er rett og slett skikkeleg skuffa på vegner av norske bønder.

Les også: Vedum kan le hele veien hjem til gården på Stange

Då KrF var i regjering vart det sett ned eit utval for å få dette på plass. Målet var at bonden skulle kjenne seg igjen i tala. Bondens inntekt må auka kraftig, og då er det heilt avgjerande at ein er einige om korleis inntektsmoglegheitene for bonden er i dag.

Les også: Bør bondens inntekt øke?

Eg les at min partileiar Olaug Bollestad har vore konstruktiv og forhandla med regjeringa, og at ho også lenge trudde dei skulle kunne finne ei løysing. Det er bra at dei forhandlar og prøver å finne ei løysing. KrF skal være eit parti som finn løysingar som gagnar den norske bonden.

Men når Senterpartiet no heller finn fleirtal med Høgre og ikkje gir noko som helst, er det jo heilt håplaust.

Dei legg no til grunn at bonden skal jobbe 1845 timar i eit årsverk – rundt 100 timar meir enn ein skiftarbeidar. Dette trass i eit samla landbruk har bede om at timetalet må ned mot samanlikningsgruppene, har ikkje regjeringa gitt ei einaste time her.

I tillegg ønskjer regjeringa å blåse opp inntektstala med 20 prosent ved ei normering, og dei vil heller ikkje gi reell kapitalavkasting på det bonden har investert i.

Etter det eg forstår hadde Senterpartiet ei historisk moglegheit til å finne fleirtal med KrF og SV for å komme bonden i møte her. Ei historisk moglegheit dei lova veljarane sine, og som bønder over heile landet hadde store forhåpningar til.

Nei, eg må eg rett og slett seie at eg blir svært sjokkert og lei meg på bondens vegne.

Les også: Bekmørk fremtid for norske agurker

Her hadde vi ein historisk moglegheit til å finne saman for eit timetal bøndene kunne kjenne seg meir igjen i, men den sjansen lot regjeringa gå. Det er skikkeleg dumt, for her har det politiske spelet til slutt gått ut over bøndene.

Denne moglegheita burde Trygve Slagsvold Vedum og landbruksminister Geir Pollestad teke betre vare på.

2024-04-16T21:05:43Z dg43tfdfdgfd