Må UT AV LANDET, MEN BYGDA SLåR RING: – RETTSSAKEN KOSTER OG IZAT HAR IKKE PENGER

Må ut av landet, men bygda slår ring: – Rettssaken koster og Izat har ikke penger

(Sogn Avis) «Izat har fått nedslåande beskjed i dag om å returnera til Afghanistan innan 16. juli. Han har eit siste håp dersom han tek saka til Tingretten, men treng då vår støtte».

– Kvifor tok du initiativet til innsamlingsaksjonen, Gry Alme?

– Izat ringde meg fredag ettermiddag og var sjølvsagt langt nede og veldig fortvila over meldinga frå Utlendingsnemnda (UNE). Spleisen, som er ein digital innsamlingsaksjon, ordna eg ein time seinare.

Les også:

Les også: Politiet om tvangsreturer: – Ønsker minst mulig stress

– Utruleg

Izat Kahn kom til Noreg og Vik i 2016.

– Eg var hovudkontakten hans som miljøterapeut og me var tett på kvarandre i fem år.

Izat byrja på ungdomsskulen, lærde seg norsk veldig fort, var ein habil fotballspelar og vart veldig godt integrert i bygda. Han har fagbrev som tømrar, er i full jobb i Florø og tener sine eigne pengar.

– Izat har gjort og gjer alt rett, men det betyr visst ingen ting og UNE har gitt beskjed om at han skal reisa tilbake til Afghanistan innan 16. juli.

– Personleg synest eg det er utruleg at han blir kasta ut av landet når me veit korleis har klart seg. Det er ikkje sikkert det går vegen denne gongen heller, men me har eit håp når han no tek saka til Tingretten.

– Rettssaka kostar og Izat har ikkje pengar. Eg sette 50.000 kroner som eit mål og aksjonen vart avslutta laurdag føremiddag. Då var aksjonen kome i 70.000 kroner, seier Gry Alme.

– Kva fortel responsen?

– Han har eit enormt støtteapparat rundt seg og mange vil hjelpa han til at han får bli.

«Tusen takk til alle for støtta eg fekk og hadde ikkje forventa så mykje på så kort tid», takkar 23-åringen på nettet.

Les også:

Les også: Tyven har raidet flere boliger i år – har vært utvist av landet siden 2010

Vil vitna

– Denne saka er rett og slett tragisk, eg er forferda over UNE-vedtaket og kjem til å vitna i retten, seier Roy Egil Stadheim.

Ordføraren peikar på eit essensielt punkt

– Me snakkar om ein gut som kom til Noreg og vart avhøyrd politiet. Som 20-åring, fann politiet ut at Izat hadde loge seks år tidlegare. Hadde det vore ein av våre ungar, hadde ingen ting skjedd på grunn av den kriminelle lågalderen som er 15 år. For Izat blir konsekvensane enorme og blir straffa med at han blir sendt tilbake til Afghanistan.

– Regjeringa seier at me skal ha ein streng men rettferdig innvandrarpolitikk. Denne saka er streng, men langt frå rettferdig og eigentleg så langt unna det er råd å kom og eg er oppgjeven over at det går å finna på noko slikt som me er vitne til her. Eg skal gjera alt som står i mi makt for å hjelpa til med at Izat får bli, seier Stadheim.

Roy Egil Stadheim kjenner Izat Khan ekstra godt frå den tida han bidrog aktivt i fotballmiljøet i Vik. Foto: Gunnar Kleven

Klage sendt denne veka

– Korleis har dagane vore sidan du fekk beskjeden sist fredag, Izat?

– Det har vore veldig vanskeleg og slitsamt. Eg prøver å ikkje syna at eg er veldig trist, har vanskar med å vera åleine og prøver å vera saman med vener.

– Eg hadde ungdomstida mi i Vik, har lært meg eit yrke og har alt eg treng i ei verd som er heil annleis enn den eg kom frå og som eg ikkje kjenner.

– Izat Khan var ein av seks ungdomar som kom frå Pakistan til Vik for åtte år sidan og han kjenner eit 10-tals ungdommar som hamna i Sogndal.

– Eg har venta i fire og eit halvt år og er den einaste av oss som ikkje har fått norsk statsborgarskap, seier Izat Khan.

– Når kjem saka di for Oslo tingrett?

– Eg har snakka med advokaten som leverer klagen i løpet av denne veka og dato er ikkje fastsett enno.

2024-07-03T12:02:37Z dg43tfdfdgfd